Snøryddingsmateriell på Finse

Snøryddingsmateriell på FinseFør 1993 var Finse senteret for snørydding langs Bergensbana, og det budde mange familiar og endå fleire ungkarar som hadde bana som arbeidsplass. Tunnelen vest for Finse gjorde mange overflødige.

Den store, opne plassen på andre sida av spora var tidlegare eit anlegg for lokomotiv og snøryddingsmateriell. Her var ei overbygd svingskive der alt materiell kunne vendast, og overbygde spor inn til dei to lokomotivstallane som framleis står att.

Då bana opna for drift 27. november 1909 sto tre roterande plogar med fire store damplokomotiv klare til å halda bana open, og i 1914 kom den siste, alle bygd ved norske lokomotivfabrikkar. I 1945 og 1947 kom tre til, levert av Henschel & Sohn i Belgia.

Desse plogane måtte skuvast av eit eller to damplokomotiv. Rotaren som kom i 1914, nr. 4 som står utanfor museet, hadde kraftigare dampmaskin enn dei andre (1100 hk mot 800) og viste seg dugande heilt til den harde uvêrsvinteren 1975–76. 

Den fyrste dieselrotaren kom i 1965 og kunne gå uavbrote, men skovlhjulet pakka seg lett med snø. Den hadde eiga maskin for framdrift på transportetappar og skifting. Både damp- og dieselrotarane måtte skuvast av eit eller fleire damplokomotiv under snørydding. Snøskrapane vart brukte for å gjera profilen breiare ved å føra snøen på sidene inn i sporet. Så kom den roterande snøplogen og kasta vekk denne snøen. Sporreinsarar vart laga i to utgåver, med etterhengd eller underliggjande plog. Beilhack snøplogar kom frå 1972 til 1976. Desse maskinane har sidevegs stillbare skovlar slik at dei kan rydda i opptil 4 meters breidde. Desse maskinene kan dreiast på understellet, og er ikkje avhengig av dreieskive. Beilhackplogane er forbetra fleire gonger slik at dei kan rydda snø i 60 km/t og ta unna 22 000 tonn snø på ein time.

CreatorBjørg Eva Aasen (Search Europeana for this person)
CountryNorway
CollectionNorsk Jernbanemuseum
Rightshttp://rightsstatements.org/vocab/InC/1.0/
Location
Other objects in the vicinity
Repository Pagehttps://www.europeana.eu/portal/record/2022611/H_DF_DF_4490....
Web Pagehttp://digitaltmuseum.no/011085440338...
Subject Termsjernbanehistorie
ProviderArts Council Norway