Snørydding i Sandåsvingen

Snørydding i SandåsvingenSandå vaktarbustad vart sett opp i 1913, då drifta hadde synt at dette var ein av dei plassane der snøen laga mest problem for togtrafikken. Vaktarbustaden er dobbel, så her budde to banevaktarfamiliar. Han er teikna av arkitekt Harald Kaas og er i dag freda i lag med dei to opphavelege uthusa.

Det året var den fyrste av fleire vintrar der snøen og vinden viste seg å vera for sterke krefter til at toga kom fram. Før Finsetunnelen kom i 1993 vart toga fleire gonger ståande fast i snømengdene nett her ved Sandå. Krigsvinteren 1943 var vanskeleg på fleire måtar. Bana vart mykje brukt til tysk troppetransport. Dårlege vinterklede og dårleg mat gjorde ikkje arbeidet freistande. Noko av materiellet var nedslite og det var vanskeleg å skaffa nytt. Den vinteren stod trafikken i 24 dagar.  

Vinteren 1975–76 var ein av dei verste, då mykje vind og snø gjorde han til ei samanhengande kraftprøve i sterk kulde for banemannskapa. Gjennom heile vinteren stogga snøen toga, og passasjerar måtte evakuerast. Provisorisk overnatting på hotell og i sovevogner måtte til både i nyttårshelga og i vinterferien, noko som sleit mykje på tolmodet til passasjerane. I vinterferien stod to lokomotiv fast her i halvtanna døgn. Banemannskapet måtte spa dei fram for hand, og opplevde at snøen fylte igjen opningane fortare enn dei greidde å spa.

CreatorBjørg Eva Aasen (Search Europeana for this person)
CountryNorway
CollectionNorsk Jernbanemuseum
Rightshttp://rightsstatements.org/vocab/InC/1.0/
Location
Other objects in the vicinity
Repository Pagehttps://www.europeana.eu/portal/record/2022611/H_DF_DF_4492....
Web Pagehttp://digitaltmuseum.no/011085440388...
Subject Termsuvær, jernbanehistorie, jernbane, tog, snø, snørydding, vinter, snømengder
ProviderArts Council Norway