Kleivabrua

KleivabruaBygginga av Kleivabrua var eit av dei største byggearbeida på høgfjellstrekninga. Dette er ei steinkvelvsbru med eit spenn på 35 meter, og er av dei vakraste bruene på heile bana.

Utsprenging av fjell krev stor kunnskap og dugleik for å avgjera plasseringa og djupna på borehola. Dette var basen sitt ansvarsområde. Likeins kravde det lang røynsle å avgjera storleiken på ladninga, og om fleire skot burde gå på ein gong, eller berre eit av gongen. Kor hardt fjellet er og om det er samansett av fleire typar steinartar er òg avgjerande. Ved større murarbeid, som til dømes brukar, vart steinane transportert frå steinbrotet med hest og slede. Vel framme hadde basen fullt arbeid med å måla storleiken på steinane og finna ut kor dei passa best inn ut frå teikninga av brua. Så merka han kvar stein og viste laget kva for skift dei ulike steinane høyrde til og kor dei skulle plassere dei. På det viset spara han mest mogeleg hogging på steinen. Nokre basar var ekspertar på muring av brukar eller heile steinkvelvsbruer. Slike var det fleire av langs Bergensbana, og nokre av basane vart veteranar i fjellet.  

«Kleivagjelsbrui»

Grunnen til at denne brua vart bygd i eitt, var faren for at isgang om våren kunne rive ned eit brukar som sto midt i elva. Alt av tremateriale til stillasa vart kjøpt inn frå Kaupanger, og oppsetjinga av dette vart leia av byggmeister Anders Løhne frå Aurland. Det tok to år å få opp stillaset, men så var heller ikkje anleggssesongen her særleg lang. Materialane vart kjøpte inn hausten 1902 og køyrd opp vinteren 1902–03 for deretter å verta montert sommaren 1903. Denne transporten med hest var risikabel, men utruleg nok gjekk det godt. Stillaset sto ferdig sommaren 1904 og då kunne muringa taka til. Den tok to år. Sement vart køyrd opp frå Flåm, 25 km unna og 1000 meter nedanfor. All stein vart tatt om lag 2 km frå brustaden, og sand fann ein ved Grøndalsvatnet 3 km aust. Steinen vart hogd på sommaren og frakta på snø og is om hausten. Hausten 1906 vart stillaset plukka ned og frakta austover og brukt på brua over Storurdi og Brattfoss.

CreatorBjørg Eva Aasen (Search Europeana for this person)
CountryNorway
CollectionNorsk Jernbanemuseum
Rightshttp://rightsstatements.org/vocab/InC/1.0/
Location
Other objects in the vicinity
Repository Pagehttps://www.europeana.eu/portal/record/2022611/H_DF_DF_4502....
Web Pagehttp://digitaltmuseum.no/011085443217...
Subject Termsjernbanehistorie
ProviderArts Council Norway