Skomakarstova ved Lågheller

Skomakarstova ved LåghellerTungt kroppsarbeid med stein og jord sleit veldig på klede og sko. Sjølv om kleda var tjukke og grove, og sko og støvlar i kraftig lêr, måtte det stadig vølast. Kokkene hadde mykje arbeid med å vaska og reparera klesplagga. Anleggsarbeidarane lappa eigne sko og støvlar sjølve om det ikkje var så store hol at ein måtte til spesialistar med dei.

Murane like ved brua ved Låghellervatn er alt som står att etter skomakarstova som ein gong låg her. I anleggstida var det fleire skomakarar som følgde anleggsarbeidet austover, og ein av dei budde her fleire somrar. Like aust for Fagernut vaktarbustad budde det ein skomakar kvar sommar. Han hadde med seg sko frå bygda, barnesko òg, som han selde. Å halda sko og støvlar tette var eit stendig kveldsarbeid for anleggsarbeidarane. Det var ei utmaning å halda overgangen mellom sole og overlêr tett, så skotøyet vart smurd med seig bek og tjukt feitt.

Samanlikna med løna, som rett nok var god, var sko og støvlar veldig kostbart. Mange av anleggsarbeidarane hadde dårleg med klede og sko når dei kom til anleggsplassen, dei var jo fattigfolk som trekte hit på grunn av den gode betalinga. Dei fekk klede og sko på avbetaling på handelsbua når dei byrja, då var kokka trygg på at dei ikkje hadde lus med seg i brakka. På Upsete og Myrdal budde det sydamer, og om somrane var det omreisande handelsmenn som kom med koffertar fulle av klede, knappar og mykje anna nyttig. Det vanlegaste arbeidsantrekket var hatt med brem, trøye i ull eller bomull under ein vest eller busserull, bukse i vadmål og ullstrømper på beina. Var det fint i vêret kunne ein ta av seg vesten.

CreatorBjørg Eva Aasen (Search Europeana for this person)
CountryNorway
CollectionNorsk Jernbanemuseum
Rightshttp://rightsstatements.org/vocab/InC/1.0/
Location
Other objects in the vicinity
Repository Pagehttps://www.europeana.eu/portal/record/2022611/H_DF_DF_4527....
Web Pagehttp://digitaltmuseum.no/011085442275...
Subject Termsjernbanehistorie
ProviderArts Council Norway