Nykomne anleggsarbeidarar

Nykomne anleggsarbeidararAllereie i byrjinga av april byrja eit langt følgje av arbeidssøkande karar å nærma seg Geilo etter å ha gått opp heile Hallingdalen. Det var velkjent at her var det godt betalt arbeid å få, og tre måltid om dagen, ikkje sjølvsagde gode i Noreg for berre litt over hundre år sidan.
Dei aller fleste anleggsarbeidarane kom austfrå, anten opp Hallingdalen eller frå Gudbrandsdalen, over Strynefjellet og opp Flåmsdalen. Mange hadde ikkje meir enn det dei gjekk og stod i, og det var vanleg at dei som hadde litt til overs hjelpte nykomarane til dei hadde fått seg arbeidskontrakt. Dei fekk mat hos kokkene, nattely i dei overfylte brakkene, og dei aller fleste fekk arbeid. Om somrane hadde ein bruk for alle som kom, og fleire med, men det var mykje arbeid for administrasjonen ved anlegget å plassere alle anleggsfolka kvar vår. Ei ordning med attestbok gjorde at dei vande jernbanearbeidarane hadde prov på kor dei hadde arbeidd tidlegare, og kva dei dugde til. Dei uvande vart sett til jordarbeid i skjeringar og fyllingar. Når arbeidskontrakten var ordna, gjekk dei på ei av handelsbuene og fekk klede og støvlar på kreditt, betalinga vart trekt av fyrste lønninga.

CreatorBjørg Eva Aasen (Search Europeana for this person)
CountryNorway
CollectionNorsk Jernbanemuseum
Rightshttp://rightsstatements.org/vocab/InC/1.0/
Location
Other objects in the vicinity
Repository Pagehttps://www.europeana.eu/portal/record/2022611/H_DF_DF_4531....
Web Pagehttp://digitaltmuseum.no/011085442279...
Subject Termsjernbanehistorie
ProviderArts Council Norway