Gullringen frå Vikse

Gullringen frå VikseEin gullring på nær 75 gram vart funnen ved grøftegraving på Vikse i Sveio i 1953. Ringen, som er av 22 karat gull og har eit største tverrmål på 8 cm, er laga av ei stong med spiralvridne endar. Han er av ein type som kan daterast til midten av bronsealderen, kring 1000 år f.Kr.

Sjeldsynt funn

Gullringar frå bronsealderen er sjeldsynte i Noreg. Frå heile landet kjenner vi berre 20 stykke, og ringen frå Vikse er den einaste i Hordaland. Nokre er funne i graver, men dei fleste synest ha vore gøymde i marka, anten som skattar, eller som offer til ein guddom. Det synest også ha vore tilfelle med ringen frå Vikse.

Kostesamt statussymbol

I Danmark er det i rikt utstyrte mannsgraver frå bronsealderen funne liknande ringar, gjerne saman med våpen. Gullet var kostbart, i bronsealderen som i dag, og det er rimeleg å tru at gullringane var statussymbol for høvdingar og stormenn.

Importert gull

Det norske gullet kom frå Sør-Skandinavia, men også der var det importgods. Dei næraste produksjonsstadene låg i Mellom-Europa. Dette eldste gullsmykket i Hordaland, som ein gong kan ha pryda handleden til ein høvding, hadde såleis ei lang ferd bak seg, då det hamna i jorda i Sveio for 3000 år sidan.

CreatorKulturhistorisk vegbok Hordaland (Search Europeana for this person)
CountryNorway
CollectionKulturnett Hordaland
Rightshttp://rightsstatements.org/vocab/InC/1.0/
LocationHordaland
Repository Pagehttps://www.europeana.eu/portal/record/2022611/H_DF_DF_720.h...
Web Pagehttp://digitaltmuseum.no/011085441714...
Subject Termsgravfunn, gullsmedkunst
ProviderArts Council Norway