Saltebua i Trellevik

Saltebua i TrellevikDen store saltebua som framleis står i Trellevik, vart truleg bygd på slutten av 1700-talet, under det rike torskefisket. Det velbygde sjøhuset med det store valmtaket er ei av dei største og mest autentiske sjøbuene langs Vestlandskysten; av same type som bykjøpmennene sette opp i Sandviken på 1600-talet.

Fiskemottak

I ein periode høyrde sjøbua i Trælavika til handelsmannen på Glesvær. Jektenaustet i vika innanfor viser at Trellevik gjennom lang tid har vore eit viktig fiskemottak. Jekter var større skuter som vart brukte til å føra ved og fisk med.

Nytt liv

Jektenaustet og saltebua stod ferdig restaurert i 1993, og samstundes vart ein ny bygning, «Sjenkestova», reist på gamle grunnmurar. Etter at Trellevik kystkultursenter vart opna i 2003 er det igjen aktivitet i dei gamle bygningane. Kystkultursenteret leiger ut bygningane til ulike lag, skular, barnehagar og privatpersonar. Det vert også arrangert ulike kulturelle aktivitetar og konsertar. Det er atter liv i det gamle kystkulturmiljøet i Trellevik.
 

CreatorKulturhistorisk vegbok Hordaland (Search Europeana for this person)
CountryNorway
CollectionKulturnett Hordaland
Rightshttp://rightsstatements.org/vocab/InC/1.0/
Location
Other objects in the vicinity
Repository Pagehttps://www.europeana.eu/portal/record/2022611/H_DF_DF_746.h...
Web Pagehttp://digitaltmuseum.no/011085441467...
Subject Termskystkultur
ProviderArts Council Norway