Myking kyrkje og kyrkjegard

Myking kyrkje og kyrkjegardMyking var kyrkjestad alt i mellomalderen. Myking sokn er omtalt første gong i Bergens kalvskinn, ei jordebok over geistleg gods i Bergen bispedøme, som truleg skriv seg frå 1350-åra. Når det først kom kyrkje på Myking, og om her var ei eller fleire etterfølgjande kyrkjer før 1350, er usikkert. Av inventar frå mellomalderkyrkja er bevart ein døypefontkum i kleberstein, eit krusifiks og eit par rituelle kar.

Tømmerkyrkje

Tidleg på 1600-talet vart den gamle stavkyrkja, som då truleg var i dårleg stand, riven og erstatta med ei tømmerkyrkje. Ved ein inspeksjon i 1686 heiter det at den nye kyrkja hadde blitt reist omtrent 80 år tidlegare. Ho hadde rektangulær form og eit kor som var lågare og smalare enn skipet. Dei lafta tømmerveggane kvilde på sviller. Utvendig var veggane kledde med bord og tjørebreidde. Ved vestre gavl stod eit tårn med våpenhus i tårnfoten. Måla til kyrkja er i 1721 opplyst å vera: koret 11 x 12 alen, skipet 23 x 15 alen, våpenhuset 5 x 7 alen.
 

Gamal kyrkjegard

På ei høgd vest for den noverande kyrkja ligg ein gammal kyrkjegard. Han er omgjeven av ein mur der to portalar inngår. Om både mellomalderkyrkja og kyrkja frå tidleg på 1600-talet låg på denne kyrkjegarden, er omdiskutert. Sidan kyrkjegarden har heller små mål, verkar det noko usannsynleg at 1600-tals kyrkja kan ha stått her. Ifølgje lokal tradisjon var denne kyrkja plassert nær husa i tunet ovanfor kyrkjegarden. I 1840-åra kom ein ny kyrkjegard i bruk ca. 300 meter aust-sør-aust for den gamle. Det tok ikkje lang tid før denne vart for liten, slik at den gamle kyrkjegarden måtte takast i bruk att. Den siste gravlegginga her skal ha funne stad i 1893. Berre nokre få gravstøtter står no att, men små haugar vitnar om mange gravleggingar. Kyrkjegarden og muren kring blei sett i stand i første del av 1990-åra.
 

Ny kyrkje 1861

Ei ny kyrkje vart reist ved den nye kyrkjegarden i 1861. Chr. H. Grosch, ein av dei mest kjende 1800-tals arkitektane i Noreg, stod for teikningane. Myking kyrkje er ei langkyrkje i kvitkalka brotsteinsmur. Koret har same høgde og breidde som skipet. I vest står eit murt våpenhus med tårn i bindingsverk over. Murane er om lag ein meter tjukke og pussa med sement utvendig. Kyrkja har kjellar og frå 1961 eit tilbygg med mellom anna sakristi ved nordaustre hjørne. Ho har vore gjennom omfattande restaureringar til 70-års jubileet i 1931 og 100-års jubileet i 1961.
 

CreatorFrode Fyllingsnes (Search Europeana for this person)
CountryNorway
CollectionKulturnett Hordaland
Rightshttp://rightsstatements.org/vocab/InC/1.0/
Location
Other objects in the vicinity
Repository Pagehttps://www.europeana.eu/portal/record/2022611/H_DF_DF_899.h...
Web Pagehttp://digitaltmuseum.no/011085440973...
Subject Termsbygninger, kirker, kyrkjehistorie
ProviderArts Council Norway